Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Råkåfiskfest 2017 - møt forfattaren Øystein Morten
23. desember 2016

Råkåfiskfesten 2017 er på Røa Samfunnshus (Austlivn. 4, like ved Røa T-banestasjon) laurdag 28. januar kl. 18.30Du får høyre om jakten på Olav den Hellige ved Veggliforfattaren Øystein Morten. Dans til levande musikk.

På menyen står som vanleg råkåfisk frå Bjornesfjorden, lefsekling frå Veggli og mandelpotet. 

Festtale ved Øystein Morten, forfattar frå Veggli. Han vil fortelje om ei av bøkene sine: Jakten på Olav den Hellige. Morten er religionshistorikar og har mellom anna vore distriktskonservator i Vest-Telemark. No bur han på heimgarden i Veggli og er forfattar. Han har mellom anna skreve om stavkyrkja i Eidsborg, Magnus den Gode og Sigurd Jorsalfare.

For boka om Olav den Hellige har han fått svært gode kritikkar. Han har granska kjeldene og studert et bein frå kroppen til helgenkongen. Resultatet er ei forteljing om ein annan Olav enn den vi kjenner. Portrettet av kongen som kristna Noreg er fullt av overraskingar. Samtidig handlar boka om tru og håp i middelalderen, om ei mektig kyrkje, forbytta lik og om hemmelegheiter som har vore gøymd hos domkapitlet i Nidaros.

Det blir variert dansemusikk med Solvår og Terje.
 
Entre: Medlemmer kr 450, ikkje-medl. kr 500.
 
Påmelding innan 23. januar til: 97 75 40 18 (Bjørg), 66 80 64 32 (Ragnhild) eller e-post til rilanderud@gmail.com.
 
Vi vil sette opp buss frå Numedal. Ta kontakt med Ottar for bestilling av buss (32 74 62 16 eller 92 09 52 36).
Nyheter
Råkåfiskfesten

2017
 
Røa samfunnshus

Laurdag 28. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)