Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Råkåfiskfest 2018
16. november 2017

Råkåfiskfesten 2018 er på Røa Samfunnshus (Austlivn. 4, like ved Røa T-banestasjon) laurdag 27. januar kl. 18.30. Even Tråen fortel om ljåsmiing i Numedal. Solvår og Terje spelar til dans som i fjor.

 
 
 
På menyen står som vanleg råkåfisk frå Bjornesfjorden, lefsekling frå Veggli og mandelpotet. 

Even Tråen har skrive bok om om ljåsmiing i Numedal etter eit langvarig innsamlingsarbeid. I samtida var ljåsmedane talrike og verdsatte, men ettersom tida gjekk vart denne historia gløymt.

Boka startar med eit historisk oversyn der ein kan lesa om jarnhistoria både i Numedal og elles. Tråen ser der på overgangen mellom den gamle tynsleljåen og den nyare slipeljåen. Han er innom opplysningstida og "Det Kongelige selskap til Norges vel" sitt strev for å gjera tilhøva lettare for folk. Også industrimiljøet på Kongsberg blir sett i samband med ljåsmiinga.

Vidare i boka får ljåsmedane i Numedal si omtale. Desse ljåsmedane viser seg å vera rett talrike og hadde stor produksjon med kundar vidt omkring. Og sidan ljåsmedane også smia knivblad, er det tatt med noko og knivmakeriet og sølvsmedane og gjørtlarane som laga knivane. Sølvsmedhistoria i Numedal er like ukjent som ljåsmiinga, så eit blikk også på den historia har ålmen interesse langt utanom Numedal.

Even Tråen fekk om lag 1980 møte to søner av ljåsmedar som kunne fortelja om denne ukjende historia. Han møtte Nils Skarpmoen og Ola E. Rønningen fortalde om eit lite industrieventyr som til no ikkje har fått den plass det fortener.

Det blir variert dansemusikk med Solvår og Terje.
 
Entre: Medlemmer kr 450, ikkje-medl. kr 500.
 
Påmelding innan 24. januar til: 97 75 40 18 (Bjørg), 66 80 64 32 (Ragnhild) eller e-post til rilanderud@gmail.com.
 
Vi vil sette opp buss frå Numedal. Ta kontakt med Ottar for bestilling av buss (32 74 62 16 eller 92 09 52 36).
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)