Årsmelding 2025
Styret
Styret sidan årsmøtet i 2025:
Kasserar: Svein Aasen
Styremedlemmer: Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen, Ingunn Vagstein og Kenneth de Gala.
Varamedlem: Bjørg Undebakke
Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.
Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøte og årsmøtet i BLS. Helen Engelstad er styremedlem i BLS.
Laget har hatt hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.
I meldingsåret hadde laget 25 medlemar. Av desse er 2 under 26 år. Laget hadde 4 æresmedlemar: Reidun Kjønaas, Jøran Strysse, Levor J. Traaen og Svein Aasen. Jøran Strysse døydde 10. oktober 2025, 99 år gamal.
I meldingsåret har vi ikkje hatt styremøte. Vi har hatt kontakt via mobil og e-post, og snakka saman i pausen på øvingane. 4 frå styret er fast med på danseøvingane.
Årsmøtet 17. mars vart halde i møterommet Stigelin i Nordahl Brunsgt. 22. 4 medlemmar deltok.
Laget nyttar heimesidene på nettet, www.numedalslaget.no, til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene er oppdatert med meir historisk informasjon og gamle nummer av «Numedølen». Lagsavisa «Numedølen» kom ut med eit nummer (november 2025). Laget er på sosiale media. Du kan følgje oss her:
https://www.facebook.com/profile.php?id=61566461657005
Råkåfiskfest saman med Valdreslaget
Råkåfiskfesten/Rakfiskfesten blei arrangert i Halli i Nordahl Brunsgt. 22, fredag 5. desember.
Denne gongen var Hallinglaget og Telelaget invitert med. Det var ca. 80 til bords, og vi serverte rakfisk frå Noraker, og råkåfisk frå Løvstuen i Uvdal. Lefsene til Valdreslaget kom frå Bakstefjøla. Lefsene til Numedalslaget kom frå: Lefser utan sukker frå Uvdalsleiven og lefser med sukker frå Mollas Bakeri i Rollag. Vi hadde som vanleg kokte mandelpoteter og tilbehøyr som lauk, rømme og raudbeter. For dei som ikkje et lefse og råkåfisk var det spekemat og flatbrød. Kvartetten: Elizabeth Gaver (hardingfele), Alix Cordray (kontrabass), Hans Heinrich Thedens (gitar) og Nils Øyvind Bergset (trekkspel) stod for runddansmusikken. Sindre Tronrud (hardingfele), Tor Inge Bue (hardingfele) og Ulf Arne Johannessen (toradar) spelte bygdedans.
Lagshytta, Numedalshytta
Hyttestyret for 2025 var: Lars Peder Larsgård (leiar), Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft og Per Tuft. Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.
Hytta er liten, men har rommet mange! «….og garden den er liten, men skogen den er god…..» Hytta er ca. 20 kvm, terrassen og annekset om lag det same. men hele eiendommen er drøye 10 000 kvm.
Laurdag 14. juni var det tid for vårtur til hytta vår i Lommedalen. 9 personer tok turen til hytta denne dagen. Som vanleg hadde vi fint vær. Et par uker tidligere hadde veien fra naboen/døvehytta blitt rydda for kratt og stokker så det skulle være lett å ta seg fram. Da ble også taket og terrassen kosta fri for barnåler og løv. Vinduene ble malt hvite. Det ble sagd ned busker og trær nedenfor hytta så utsikten ble bedre.
Selve hytta ser ganske bra ut med nymalte vinduer og vindskibord. Grunnmuren begynner å gå litt opp i limingen, og vi er ikke ferdige med oppmuringen på baksiden etter at vi skiftet en svill under laftet. Den gamle svillen var råtten og hytta hadde seget slik at døren var vond å få åpnet. Nå er døra grei, men vi må nok skifte gulvet foran inngangsdøra også. Taket på annekset må også få et nytt dekke. Det er litt strevsomt å bære opp de materialene vi trenger hvis ingen har et kjøretøy slik at vi kan komme opp forbi Døvehytta. Vi trenger en høy firehjulstrekker. Ellers har det vokst opp høye trær av både gran og furu, og det er nok på tide å ta ut litt tømmer som kan gi litt penger i kassa og flott utsikt. Hytta har vært lite brukt de siste årene. Ikke sikkert at noen har overnattet her oppe i dette århundret! De gamle madrassene er tilnærmet flate, og nye madrasser trengs.
Røros-leken 9. – 11. mai 2025
Numedalslaget v/Svein arrangerte busstur til Røros saman med Hogne Tellnes i samband med Røros-leken (3 dagars leikfest). Vi leigde buss frå JVB og 32 folkedansarar deltok på bussturen.
Folkedansaktiviteten
Til saman hadde vi 19 øvingskveldar i 2025. Totalt sett var det 209 frammøter på øvingane, det er ein kraftig auke frå 135 i 2024. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt møtte 33 ulike personar fram, opp frå 19 i 2024. Det var i snitt 11 oppmøter på øvingane, opp frå 7,1 i 2024. Desse tala seier mykje om den auka interessa vi såg for Numedalsdansen i 2025 med mange fleire på øvingane våre. Det kjem stadig nye folk innom øvingane, og instruktøren tilpassar opplæringa kvar kveld etter den som kjem. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Danseøvingane er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Gjennom året har vi hatt tilgang til filmar frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans sitt rikhaldige arkiv. Vi såg, og prøvde å herme etter Numedalsfilmen frå 1926, kjende dansarar i Flesberg og Kongsberg på 1970-talet og vi såg på opptak frå Landskappleikar på 1980-talet. Måndag 7. april hadde vi besøk av deltakarar på instruktørkurs på den vanlege danseøvinga vår. Dei brukte nye teknikkar for å lære oss opp i dans.
Måndag 27. januar var Numedalslaget med og arrangerte kræsjkurs saman med Valdreslaget og BLS Ung på Riksscenen. Dette var i forbindelse med opninga av festivalen Dans! Dans! Dans!. Det var eit stappande fullt lokale i kjellaren på Riksscenen, og mange fekk med dette sin første smak på å danse Numedalsspringar.
Numedalslaget arrangerte minikurs, og var teknisk arrangør, på 2 folkedanskveldar:
- 6/4 i Numedalsspringar, 13 deltakarar, instruktør Nils Øyvind Bergset. Spelemann Tor Inge Bue, hardingfele.
- 23/11 i Numedalsspringar, 8 deltakarar, instruktør Nils Øyvind Bergset. Spelemann Tor Inge Bue, hardingfele.
Fleire av dansarane i laget er aktive med å danse til tevling på kappleik. Dansarar frå laget har vore med på Buskerudkappleik i Jondalen, Landskappleiken i Eidfjord, Hilmestemnet på Fagernes og Landsfestivalen på Oppdal. Svein og Kjersti deltok med dans på heiderskonsert for Per Midtstigen i Flesberg 11. oktober.
Svein Aasen blei utnemnt til årets folkedansar under festivalen Dans! Dans! Dans! i januar for sin livslange innsats som eldsjel, entusiast, miljøskapar og tradisjonsbærar. Svein var også på amerikatur i 2025. Denne gongen hjalp han Alix Cordray med å lære bort dans frå Vestlandet.

