Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2023

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2023:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen, Bjørg Undebakke og Kenneth de Gala.

Varamedlem: Tormod Haug

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøte og årsmøtet i BLS.

Laget har hatt eit hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.

I meldingsåret hadde laget 21 medlemar. Av desse er 2 bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS). Laget har 4 æresmedlemar: Reidun Kjønaas, Jøran Strysse, Levor J. Traaen og Svein Aasen.

I meldingsåret har vi ikkje hatt styremøte. Vi har hatt kontakt via mobil og e-post, og snakka saman i pausen på øvingane. 4 frå styret er fast med på danseøvingane.

Årsmøtet 6. mars vart halde i møterommet Hulda i Nordahl Brunsgt. 22. 5 medlemmar deltok.

Laget var representert med fleire medlemmer på jubileumsmarkeringa til BLS i Oslo Rådhus 14. mars.

Laget nyttar heimesidene på nettet, www.numedalslaget.no, til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene er oppdatert med meir historisk informasjon og gamle nummer av «Numedølen». Lagsavisa «Numedølen» kom ut med eit nummer (november 2023).

Råkåfiskfest saman med Valdreslaget

Råkåfiskfesten/Rakfiskfesten blei arrangert i Halli i Nordahl Brunsgt. 22 fredag 1. desember.
Det var 45 til bords og vi serverte rakfisk frå Noraker og råkåfisk frå Løvstuen i Uvdal. Lefsene kom frå Valdresbakst og frå Mollas Bakeri i Rollag (med og utan sukker). Vi hadde som vanleg kokte mandelpoteter og tilbehøyr som lauk, rømme og raudbeter. For dei som ikkje et lefse og råkåfisk var det spekemat og flatbrød. Terje Rusten og Martin Brendemoen (trekkspel) stod for runddansmusikken, medan Mattias Thedens og Sindre Tronrud, som er elevar ved Norges musikkhøgskule, spelte bygdedans på hardingfele.

Lagshytta

Hyttestyret for 2023 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Lars Peder Larsgård.

Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.

På den årlege turen til hytta 10. juni var det einigheit om at det var behov for å utføre fleire vedlikehaldstiltak. Det er årsaka til at det har vore større aktivitet på hytta denne hausten enn tidlegare år. Det blei oppdaga rusk inne i hytta, og ved nærmare undersøkingar viste det seg at det hadde kome inn maur. Det var mykje maur utanfor hytta på austsida, maurkverk ble tatt i bruk foreløpig. Men maurangrepet avdekka også at det var råte i botnsvillen under sjølve lafteverket, og muren er dårleg. Dette ser også ut til å ha samanheng med at inngangsdøra sto i klem. Her trenger me litt mannskap til neste år for å jekke opp hytta for å byte ut treverk og reparere muren, samt at me må fikse trappa og evt. også golvet ved inngangen. Vindskibord og vinduer er malt og hytta ser absolutt meir innbydande ut. Bytte av takrenner ventar. Terrassen er retta opp og ser grei ut, men den er utruleg glatt når det er vått. Også annekset er nymala. Det blei sprøyta to gonger med soppdrepar før stålbørsting av de stadene som var angrepet før vi kunne male. Det blei ikkje lagt nytt lag med papp denne hausten på annekset så også her er det nok å gjere neste år. Det oppfordrast til å bruke hytta meir. Hytta er lita, men den har romma mange.

Tur til Numedalshytta 10. juni

Det årlege sommartreffet på Numedalshytta var laurdag 10. juni. 9 personar møtte opp, det er ca. halvparten av medlemsmassen i laget og 4 fleire enn på treffet i fjor. Været var strålande. Av respekt for brannfaren ved open eld blei det ikkje rømmegraut, men matpakke og kaffi eller te på termos, vatn og saft. Nokre hadde tatt med bakst til glede for alle som ville ha. Terrassen, taket på hytta, annekset og utedoen blei kosta fritt for lauv og barnåler. Etter ein runde hytta og annekset vart følgjande arbeidsoppgåver skrive ned.

  • Papp på annekset
  • Oppretting og beising av terrassen
  • Takrenner
  • Vinduer, maling. To stykk tatt med heim for renovering
  • Trappa

Deltakarane var: Dagny Østhus Larsgård, Lars Peder Larsgård, Bjørg Tora Undebakke, Aasmund Flo, Per Tuft, Walborg Ulbaasen Tuft, Sigrun Ulbaasen Tuft, Svein Aasen og Kjersti Aasen

Røros-leken 5. – 7. mai 2023

Numedalslaget v/Svein arrangerte busstur til Røros saman med Hogne Tellnes, i samband med Røros-leken (3 dagars leikfest). Vi leigde buss frå JVB og 35 folkedansarar  deltok på bussturen.

Kulturkveld i Numedalslaget 25. september
I samband med 100-årsjubileet til BLS, har det vore fleire kulturkveldar i Nordahl Brunsgate. Mandag 25. september arrangerte Numedalslaget kulturkveld med Per Midtstigen og Nils Øyvind Bergset. Per er tidlegare medlem og har vore ein svært aktiv utøvar på ulike instrument i Numedalstradisjonen. Nils Øyvind er vår danseinstruktør, men han er og utøvar på durspel og trekkspel. Begge fortalte om sin musikalske bakgrunn og demonstrerte smakebitar frå sitt repertoar. Det blei servert kaker og kaffi/te, og til slutt var det dans. 11 personar møtte opp.

Folkedansaktiviteten

2023 var det første heile vanlege året etter koronapandemien. I løpet at året opplevde vi stor tilslutning frå nye dansarar. Det var nokre med røter i Numedal, men mest frå andre lag i BLS og frå BUL. Kulturkveld og minikurs bidrog til at nye dukka opp. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane, og to gonger har Tor Inge Bue spelt på øvingane. Til saman hadde vi 19 øvingskveldar. Totalt sett var det 127 frammøter på øvingane. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt møtte 30 ulike personar fram. Av desse var det 8 gutar og 22 jenter. Det var i snitt 6,7 oppmøter på øvingane.

Danseøvingane er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Fleire av dansarane i laget er aktive med å danse til tevling på kappleik. Dansarar frå laget har vore med på Landskappleiken i Lom, Hilmestemnet på Fagernes, Landsfestivalen i Førde og Oslokappleiken. Det var også med tre dansepar frå Numedalslaget på den store jubileumsforestillinga til BLS i Det norske teater 28. oktober.

Dansarar frå laget var også med på Folkemusikkmesse i Rollag kyrkje på sommaren og på 90-årsjubileet til Numedal Spel- og Dansarlag i september. Laget var også representert med spelemann og dansarar under Dans i alle salar i Bygdelagshuset 16. september.

5. november arrangerte vi minikurs i Numedalsspringar på Folkedanskvelden med 13 deltakarar. Instruktør var Nils Øyvind Bergset og spelemann var Per H. Midtstigen. Folkedansgruppa var teknisk arrangør på to folkedanskveldar (søndagar): 15/1 og 5/11. Då steikte vi vaflar og trakta kaffi og te i Nordahl Brunsgt. 22, for eit dansande publikum.

Folkedansgruppa arrangerte minikurs på 2 folkedanskveldar med andre dansar:

  • 15/1 i Rørospols, 21 deltakarar, instruktørar Anbjørg Bergwitz og Audun Grüner Hegge. Spelemann Thor Hauknes.
  • 30/4 i Nordlandspols, 16 deltakarar, instruktør Tone Ingvaldsen og spelemann Jo Einar Sterten Jansen.

Her finn du lenker til tidlegare årsmeldingar:

Årsmelding for 2023

Årsmelding for 2022

Årsmelding for 2021

Årsmelding for 2020

Årsmelding for 2019

Årsmelding for 2018

Årsmelding for 2017

Årsmelding for 2016

Årsmelding for 2015

Årsmelding for 2014

Årsmelding for 2013

Årsmelding for 2012

Årsmelding for 2011

Årsmelding for 2010

Årsmelding for 2009

Årsmelding for 2008