Referat frå årsmøtet 7. mars 2016
Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen, Svein Aasen.
1. Opning
Nils Øyvind Bergset opna møtet og ønskte velkomen.
- Konstituering
Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar, Ragnhild Landerud til referent, Kjersti Aasen og Svein Aasen til å skrive under protokollen.
- Godkjenning av innkalling og saksliste
Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.
4.Årsmelding 2015
Årsmelding 2015, som også omfatter Folkedansgruppa og Numedalshytta blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.
Årsmeldinga blei godkjend.
5.Rekneskap.
Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2015, underteikna av kasserar og revisor 10.02.2016. Rekneskapen for 2015 blei godkjend.
6.Medlemspengar 2017
Det blei vedteke å auke medlemspengane til kr.350,- for vaksne og kr.175,- for bimedlemskap (hovudmedlem i eit anna NU-lag). Medlemspengar for barn /vaksne 14 – 25 år blei endra til kr.150,-. Ingen endring for barn under 14 år (kr.50,-)
7.Innkomne framlegg.
Ingen innkomne framlegg
8.Val
Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valgkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.
Styremedlemmar: Svein Aasen og Kjersti Aasen tok attval, periode 2 år
Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år.
Hyttestyret: Sigrid P Talleraas tok attval, periode 2 år.
Lotterifond: Walborg Tuft tok attval, periode 2år.
Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.
Valkomite: Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud tok attval, periode 1år.
Det blei bestemt at Nils Øyvind Bergset og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS 31. mars 2016
Dei andre styremedlemmane er varamenn.
Styremedlemmane har fullmakt til å delta på landsmøte i NU 23.-24. april 2016
10.03.2016
Ragnhild Landerud (sign)
referent
Kjersti Aasen (sign) Svein Aasen (sign)
Protokollvitne Protokollvitne

