
Råkåfiskfest fredag 6. desember 2024
Det blir råkåfiskfest fredag 6. desember 2024 i den nye forma, men med alt som høyrer til. Vi arrangerer festen i samarbeid med Valdreslaget i Oslo.
Det blir runddansmusikk og litt sving ved Terje Rusten og Roar Hensvold og bygdedansmusikk ved Sindre Tronrud og Tor Inge Tønnesen.
Festen blir arrangert i Halli i Nordahl Brunsgate 22 og startar klokka 1900.
Påmelding til:
valdreslaget@gmail.com
Bjarte: 991 69 602
eller
bjorg.tora.undebakke@gmail.com
Bjørg: 977 54 018
Betaling før 3. desember til Valdreslaget i Oslo: 0540.08.09331 eller Vipps 10275.
Pris:
550,- for mat og god dansemusikk
450,- for medlemmar
400,- for studentar
Numedalssongen
Denne songen av Tov Flatin blei tidlegare sunge på råkåfiskfesten.
Du Numedal, du vene, med fagre fjell og fjord.
Frå Kongsberg ytst i dalen til vidda imot nord.
Eg ingin andre stadir kann liva glad og sæl.
I heile vide verdi, det kjenner eg so væl.
Med Norefjell og Blefjell til livd i aust og vest.
Her bygde våre fedrar, og her vart hugen fest.
Og sut og saknad skifte med lukka, liv og leik.
Men trufast arbeid gav dei den rette livsens kveik.
Me ser den gråe gubben so trøytt i tune sviv,
Me ser den kåte guten seg høgt i halling hiv.
Me ser den fagre gjenta ho gjeng i dansen bli»
med» Løytnantdrengen leikar so fint på fela si.
Høyr sætergjenta prillar på honn frå høge nut,
So svarar han frå bygdi, den ho hev valt seg ut.
Då fuglen syng på greini, då gauken gjel i lid,
og drøymande i dalen ligg fjorden blå og blid.
Til marknaden på Kongsberg dei gutar vegen finn
frå Hallingdal og Valdres, frå Tuddal og frå Tinn.
Men fremst gjeng Numedølen på torg og dansarsal –
si ære og sin vyrdnad han held for inkje fàl.
Sjå dalværingen reikar so vidt i bygd og by.
Han ytar otor skreppa og kjøper hest og «kjy».
Men Flesbergbonden kavar med kol og laktarved,
og tømmertylvter mange han legg i bakken ned.
Den kalde vinterdagen då drog han Sigurd ut
den mili veg til kyrkja på ski med veslegut.
«Den krok skal tidlig krøkjast, som sterk skal vekse seg,
og friske, sterke gutar me aler du og eg.»
Solengje Lògen logne igjennom dalen renn.
Og fossen dyn og dunar utover bygd og grend,
skal fedre-åndi stråle som sol frå høge hall,
og viksla onn og yrkje i nye Numedal.
Ein byggjer det i dalen eit folk med merg i bein,
med sterke, kvasse tankar, med hugen ung og rein.
Som dyrkar odelsgarden, som elskar far og mor,
Som lyfter fridomsmerkje – og framtidsvonir gror.
Song har alltid vore ein viktig del av Råkåfiskfesten, og her er eksempel på songhefter frå ulike festar: