Årsmelding 2012
Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 01.01. – 31.12.2012
Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.
Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.
Tillitsvalde i 2012: sjå vedlagte liste.
I meldingsåret hadde laget 41 medlemmar.
Av desse er 4 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)
Det er 6 æresmedlemmar: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,
og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes
Aktivitetar:
– I meldingsåret har det vore 1 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 29.02. (elles e-post – kontakt).
– Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 21.01.
– 12. – 15. april var ”Danseru”- gjengen frå Buskerud, ca. 30 ungdommar i alderen 16-22 år, i Oslo. Dei øvde inn dei siste detaljane før premieren på ”Liti Kjersti” på Riksscena. Numedalslaget og Hallinglaget laga mat til ungdommane, i Nordahl Brunsgt.22, frå torsdag kveld til lunsj søndag, samt hjelpte til med anna arbeid. Både Numedalslaget og Hallinglaget stilte med 7 medhjelparar.
– Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år. Levor Traaen har gått opp tomtegrensene for hytta sammen med grunneigaren, pga hogst i området.
– Lagsavisa ”Numedølen” kom ut med eitt nummer (i oktober).
– Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård
– Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.
Råkåfiskfest 21.januar 2012
Festen vart halden på Røa Samfunnshus
Det var 98 personar til bords, av desse var 77 fullt betalande
Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.
Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset.
Livard Hytta, som har skrive boka ”Fjellfolkets rike. Folk og virke på Hardangervidda”, kåserte med ”Folk og virke på Hardangervidda” som tema.
Musikken sto Kjell Vidars for.
Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2011
Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo
Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no
Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar.
Årsmelding for folkedansgruppa 2012
Folkedansgruppa var leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.
Vi har hatt 19 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 11 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har vore borte har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.30 og driv på til 21.30, med ei lita pause. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Tor Inge Tønnesen har vore fast reservespelemann. Ein gong har også Elise Hildrum spelt sjøfløyte for oss.
Totalt sett har det vore 88 frammøter på øvingane, 13 fleire enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. 23 ulike personar har møtt fram og det er 11 fleire enn året før. Av desse var det 7 gutar og 16 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4,6 personar per øving og det er høgare enn året før. Det minste tal frammøtte på ei øving var 2, og det meste var 9.
Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi lært bort Numedalsdans i pausa. Søndag 11. november arrangerte vi minikurs i numedalsspringar i forbindelse med folkedanskvelden.
Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand og Arna Desser. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Lampeland, Landskappleiken på Otta, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken.
Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Landskappleiken vart vi nummer 16 av 30. Under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes vann dansarar frå Numedalslaget og Numedal lagdansen. På Oslokappleiken var det spaning om vandrepremien kor Numedalslaget var eitt av fire lag som hadde mogelegheit til å vinne premien til odel og eige. Det vart Valdreslaget som vann medan Numedalslaget vart nummer 4.
Dansarar frå laget har og vore med på framsyningar. Vi dansa på Råkåfiskfesten i januar, Bygdøystemnet til BLS og ein dansar har dansa på ”Norsk aften” 2 gonger på Frognerseteren.
Oslo 25/2-2013
Nils Øyvind Bergset