Årsmelding 2024

,

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2024:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen, Bjørg Undebakke og Kenneth de Gala.

Varamedlem: Ingunn Vagstein

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

 

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøte og årsmøtet i BLS. Helen Engelstad Kvalem er styremedlem i BLS og leiar i Folkedansnemnda i BLS.

 

Laget har hatt hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.

 

I meldingsåret hadde laget 25 medlemar. Av desse er 1 bimedlem (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS). Laget har 4 æresmedlemar: Reidun Kjønaas, Jøran Strysse, Levor J. Traaen og Svein Aasen.

 

I meldingsåret har vi ikkje hatt styremøte. Vi har hatt kontakt via mobil og e-post, og snakka saman i pausen på øvingane. 4 frå styret er fast med på danseøvingane.

 

Årsmøtet 4. mars vart halde i møterommet Stigelin i Nordahl Brunsgt. 22. 5 medlemmar deltok.

 

Laget nyttar heimesidene på nettet, www.numedalslaget.no, til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene er oppdatert med meir historisk informasjon og gamle nummer av «Numedølen». Lagsavisa «Numedølen» kom ut med eit nummer (november 2024). Laget har i haust kome seg ut på sosiale media att, etter nokre års fråvær. Du kan følgje oss her:

https://www.facebook.com/profile.php?id=61566461657005

 

https://www.instagram.com/numedalslagetioslo/?fbclid=IwY2xjawGrGFVleHRuA2FlbQIxMAABHcx1XE9Zi4F58DYkB15hBBB9HBtnu1E5bTyRgmimy4icdOUsMKMGUXCg0w_aem_u9XyBjnSoagCcrUD466RmA

 

 

Råkåfiskfest saman med Valdreslaget

Råkåfiskfesten/Rakfiskfesten blei arrangert i Halli i Nordahl Brunsgt. 22, fredag 6. desember.
Det var 46 til bords og vi serverte rakfisk frå Noraker og råkåfisk frå Løvstuen i Uvdal. Lefsene kom frå Valdresbakst og frå Mollas Bakeri i Rollag (med og utan sukker). Vi hadde som vanleg kokte mandelpoteter og tilbehøyr som lauk, rømme og raudbeter. For dei som ikkje et lefse og råkåfisk var det spekemat og flatbrød. Terje Rusten og Roar Hensvold (trekkspel) stod for runddansmusikken, medan Sindre Tronrud og Tor Inge Bue, spelte bygdedans på hardingfele.

 

Lagshytta, Numedalshytta

Hyttestyret for 2024 var: Lars Peder Larsgård (leiar), Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft og Tormod Haug. Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.

 

Det vart ikkje nokon tur til Numedalshytta i juni i år. Men 10. november i år tok Kjersti, Svein og Lars Peder ein tur for å reparere hytta. Det starta med at inngangsdøra på hytta var vond å opne og lukke. Hytta hadde sige ned på det eine hjørnet, delvis på grunn av at botnsvilla hadde råteskader og at sjølve muren var ustabil. Nå er botnsvill skifta og hytta er retta opp, men det står att å gjere ein jobb med muren som held på å gje etter mellom ytterhjørna. Dessutan må vi skifte golvet i inngangspartiet og trappa. Så her er det behov for dugnadsvillige folk. 30. desember melde Lars Peder at han hadde vore på hytta og fiksa låsen. Berre elg og rådyr har vore på besøk.

 

Røros-leken 3. – 5. mai 2024

Numedalslaget v/Svein arrangerte busstur til Røros saman med Hogne Tellnes i samband med Røros-leken (3 dagars leikfest). Vi leigde buss frå JVB og 37 folkedansarar deltok på bussturen.

 

Folkedansaktiviteten

 

Til saman hadde vi 19 øvingskveldar i 2024. Totalt sett var det 135 frammøter på øvingane. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt møtte 19 ulike personar fram. Det var i snitt 7,1 oppmøter på øvingane. Etter at mange nye var innom i 2023, har oppmøtet stabilisert seg på eit høgare nivå i 2024, sjølv om vi ikkje klarte å halde på alle som var innom. Det kjem stadig nye folk innom øvingane, og instruktøren tilpassar opplæringa kvar kveld etter den som kjem. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Danseøvingane er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

 

  1. april hadde vi kurs Numedalsspringar på BUL sin øvingskveld i Nynorskens hus. Det var i overkant av 50 dansarar som var til stades. Nils Øyvind var instruktør og Kenneth spelte.

 

Numedalslaget arrangerte minikurs, og var teknisk arrangør, på 2 folkedanskveldar:

  • 14/4 i Numedalsspringar, 12 deltakarar, instruktør Nils Øyvind Bergset. Spelemann Per Midtstigen, toradar.
  • 03/11 Arkivdansekurs i Numedalsspringar, 14 deltakarar. Initiativtakar og organisator Helen Engelstad Kvalem. Kurshaldar Nils Øyvind Bergset og Kenneth de Gala spelemann. Dette er ei relativt ny kursform kor ein fordjupar seg i ein dans gjennom å studere arkivopptak. Det vart 2 timer med artig djupdykk i filmopptak av numedalsdansarar gjennom tidene. Det eldste opptaket var frå Laagendalsfilmen heilt tilbake i 1926. Norsk Senter for Folkemusikk og Folkedans støtta arrangementet økonomisk og dei opna arkivet for utlån av filmane.

 

Fleire av dansarane i laget er aktive med å danse til tevling på kappleik. Dansarar frå laget har vore med på Kongsbergmarken, Buskerudkappleik i Veggli, Landskappleiken på Gol, Hilmestemnet på Fagernes, Landsfestivalen på Vestnes og Oslokappleiken. Spelemannen vår, Kenneth de Gala, fekk sitt andre napp i fyrstepremien i klasse B på Landskappleiken, og er no A-klassespelemann.

 

Svein Aasen og Kenneth de Gala var på amerikatur sommaren 2024 og lærte bort musikk og dans frå Numedal. Dei var instuktørar på Hardanger Fiddle Summer Music & Danse Workshop 18. – 21. juli 2024 ved Folklore Village nær Dodgeville, Wisconsin Kvar sommar arrangerer Hardanger Fiddle Assosiation of America (HFAA) seminar, konserter og kurs i forbindelse med sitt årsmøte. Arnhild Brennesvik var hovudinstruktør i numedalsdans (numedalsspringar/ numedalsgangar), og Svein var medhjelpar/dansepartnar. Loretta Kelly og Karin Code var spelemenn på dansekurset. Kenneth De Gala var instruktør for Music Workshop (Advanced hardingfele) og lærte bort numedalsslåttar der.