Årsmelding       01.01. – 31.12.2009

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2009: sjå vedlagte liste.

I meldingsåret hadde laget 42 medlemmar.

Det er 4 æresmedlemmar: Reidar Fønnebø, Svein Nørstebø, Jøran Strysse og Gunnar Ulbåsen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Laget har 9 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS).

Totalt har da laget 51 medlemmar

Aktivitetar:

–          I meldingsåret har det vore 2 styremøter / arbeidsmøter + årsmøte 12.02.

–          Råkåfiskfest og jubileumsfest på Røa Samfunnshus 31.01.

–          Markering av 100-årsdag for stiftelsen av Numedalslaget 26.11.

–          Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

–          Ingen utsending av Lagsavisa ”Numedølen”  i år.

–          Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

–          Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

Råkåfiskfest  og jubileumsfest 31. januar 2009

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 108 personar til bords, av desse var 88 fullt betalande

Attåt fisken var det både kling, mandelpotet, lauk og rømme. Til kaffen var det jubileumskake (marsipan)

Knut Kjønaas var toastmaster.

Festtalar var tidlegare ordførar i Oslo, Per Ditlef Simonsen

Følgjande personar blei heidra for stor innsats for laget:

Fortenestemerke: Nils Øyvind Bergset, Aasmund Flo, Lars Peder Larsgaard.

Æresmedlem: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Svein Aasen

Musikken sto Traaens kvartett frå Rollag for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2009

100-årsfeiring 26.11.2009

Dagen blei markert med middag på Sanguine Brasserie i Operaen. 17 frammøtte hadde eit godt og triveleg måltid.

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på /

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger.

Årsmelding for folkedansgruppa 2009

Folkedansgruppa har i 2009 vore leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Oddmund Vestenfor vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 18 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 10 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har hatt fravær har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.00 og driv på til 21.30, med berre ei halvtimes pause.

Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Birgit Kollandsrud Friis, Elise Hildrum og Gunhild Haugjorden har spelt sjøfløyte på ei øving.

Totalt sett har det vore 72 frammøter på øvingane, 36 færre enn året før. Desse tala må sjåast i lys av at ei av øvingane i mai vart avlyst på grunn av mangel på spelemann. 19 ulike personar har møtt fram, 8 gutar og 11 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4 personar per øving. Det minste antal frammøtte på ei øving var 2, og det meste var 8.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi hatt minikurs i Numedalsgangar i pausa. På desse kveldane er det gamaldansgruppa Husk som spelar, og to av medlemmene der kjem frå Veggli: Ole Runar og Bjørn Inge Bekkeseth.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Birgit Kollandsrud Friis, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand, Bjørgulf Aasen, Arna Desser og Oddmund Vestenfor. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Bolkesjø, NM i folkemusikk på Geilo/Ål, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken med gode resultat.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Markenskappleiken vart vi nummer 2 av 3 lag. På NM i folkemusikk vart vi nummer 4 av 31 lag! På Oslokappleiken vann vi foran 4 andre lag og fekk andre napp i vandrepremien.

Oslo 5/2-2010

Nils Øyvind Bergset