Årsmelding       01.01. – 31.12.2011

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2011: sjå vedlagte liste.

I meldingsåret hadde laget 48 medlemmar.

Av desse er 8 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Aktivitetar:

–    I meldingsåret har det vore 3 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 09.03. (elles e-post – kontakt). Framtida til Nordahl Bruns gt.22 har vore ei viktig sak dette året, og Numedalslaget var representert på både årsmøtet og ekstraordinært årsmøte i BLS der dette blei behandla.

–    Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 29.01.

–    Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

–    Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut med to nummer (februar og oktober).

–    Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

–    Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

Råkåfiskfest  29.januar 2011

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 64 personar til bords, av desse var 45 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.

Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset.

Anne Svånaug Haugan kåserte om Folkemusikksoga for Numedal.

Levor Traaen blei utnemnt til æresmedlem.

Ragnhild Mogan, som baker klingen, og Ola Løvstuen, som leverer råkåfisk, blei tildelt hedersmerke.

Musikken sto Jennys gammeldansorkester fra Sandsvær for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2011

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar.