Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2022

 

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2022:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen, Bjørg Undebakke og Kenneth de Gala.

Varamedlem: Tormod Haug

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

 

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøter og årsmøte i BLS.

 

Laget har hatt eit hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.

 

I meldingsåret hadde laget 21 medlemar. Av desse er 1 bimedlem (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS) og 2 under 14 år. Laget har 4 æresmedlemar: Reidun Kjønaas, Jøran Strysse, Levor J. Traaen og Svein Aasen.

 

Æresmedlemmet Knut Kjønaas døydde i januar 2022.

 

I meldingsåret har vi ikkje hatt styremøte. Vi har hatt kontakt via mobil og e-post, og snakka saman i pausen på øvingane. 4 frå styret er fast med på danseøvingane.

 

Årsmøtet 7. mars vart halde i møterom i kjellaren i Nordahl Brunsgt. 22. 5 medlemmar deltok.

 

Laget nyttar heimesidene på nettet, www.numedalslaget.no, til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene er oppdatert med meir historisk informasjon og gamle nummer av «Numedølen». Folkedansaktiviteten har også ei eiga sida på Facebook. Lagsavisa «Numedølen» kom ut med eit nummer (november 2022).

 

Råkåfiskfest saman med Valdreslaget

Råkåfiskfesten/Rakfiskfesten blei arrangert i Halli i Nordahl Brunsgt. 22 fredag 2. desember.
Det var 39 til bords og vi serverte rakfisk frå Noraker og råkåfisk frå Løvstuen i Uvdal. Lefsene kom frå Valdresbakst og frå Mollas Bakeri i Rollag (med og utan sukker). Vi hadde som vanleg kokte mandelpoteter og tilbehør som lauk, rømme og rødbeter. For dei som ikkje et lefse og råkåfisk var det spekemat og flatbrød. Terje Rusten og Eilev Øverbø (trekkspel) stod for runddansmusikken, medan Mattias Thedens og Sindre Tronrud, som er elevar ved Norges musikkhøgskule, spelte bygdedans på hardingfele.

 

Lagshytta

Hyttestyret for 2022 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Lars Peder Larsgård.

Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.

 

Tur til Numedalshytta 18. juni 2022

Lørdag 18. juni var det igjen tid for den årlige vårturen til lagshytta vår i Lommedalen. 5 trofaste medlemmer av laget fant veien til hytta denne dagen. Som vanlig hadde vi fint vær. Etter først å ha kosta vekk en del lauv og barnåler kunne vi benke oss ute på den romslige terrassen og nyte medbrakt mat og drikke.

Taket på hytta og uthuset ble kosta for barnåler. Per og Svein tok en befaring på uthustaket.

Av vedlikehold som bør gjøres i nærmeste fremtid er følgende:

Uthuset: Et lag med ny papp på taket, tilsvarende det som ble utført på hyttetaket sommeren
2020, og utskifting av vannbord.
Utføre tiltak for å fjerne litt grønske nederst på utvendig panel på vegger mot nord.

Hytta:     Maling/beising av vindskier.
Ev. kitting og maling av vinduer inkl. lister rundt vinduer.

 

Etter hvert kom også Lars Peder. Lars Peder, Kjersti og Svein tok en runde, fant og fotograferte alle de 8 nye grensemerkene, som kommunen har satt ned.

Disse var på hytta denne dagen:

Walborg Ulbaasen Tuft, Per Tuft, Kjersti Aasen, Svein Aasen og Lars Peder Larsgård

 

Numedalshytta

Hytta vår er nå oppmålt og grensene satt ned i samarbeid med naboane. Her er utdrag frå oppmålingsbrevet:

Numedalshytta – Trulsebråten 52 A og 52 B, Lommedalen (hyttetomt).

Klarlegging av eksisterende grense for 114/38, se kartvedlegg til protokoll datert 20.12.21, i lagsavisa Numedølen fra november 2022.

Eiendom:        Eier:
114/38             Numedalslaget i Oslo, Nordahl Brunsgt. 22, 0165 Oslo
Rekvirent: Levor Jens Traaen, Rognebærstien 6, 1349 Rykkinn
114/3               Kjell Trulsrud, Skollerudveien 88, 1350 Lommedalen
114/47             Egil Bø, Grorudenga 36, 1350 Lommedalen
114/5               Hans Magnar Martinsen, Skollerudveien 90, 1350 Lommedalen
114/19             Eileen Hegna Wold, Sogneprest Munthe-Kaas vei 53, 1346 Gjettum

 

Bærum kommune, Oppmåling og matrikkel. Utdrag av protokoll for oppmålingsforretning, datert Sandvika 20.12.2021 og underskrevet av landmåler Harald Amundsen.

 

Beskrivelse av eiendomsgrensene slik de er klarlagt og godkjent av partene:

Grensene for 114/38 fastlegges som vist og målsatt på vedlagte kart. Arealet er beregnet til 10.273 kvm. Med unntak av punkt nr. 1 er det funnet gamle grenserøyser i de 7 grensepunktene fra nr. D til E på kartet. Grensepunktene nr. D, C, A, B og E ble påvist av eier av 114/38, ved Levor Traaen, 07.10.21.
I tillegg er det funnet grenserøyser i punktene nr. 16 og 38.
Alle grensepunktene for 114/38 er nå koordinatbestemt og det er satt ned offentlige godkjente grensemerker i samtlige punkter.

Det er opplyst fra eier av 114/38 at det tidligere (i juni 2020) ble avholdt en privat befaring rundt 114/38. Etter utsendt informasjonsbrev til alle parter 24.11.21, har Bærum kommune ikke mottatt tilbakemeldinger som tilsier at det er behov for et nytt møte i marka. Protokollen oversendes derfor til partene for godkjenning og underskrift.

Grensene er merket i marka slik det fremgår av ovennevnte beskrivelse og kartvedlegg.

 

Protokollen er godkjent av Numedalslaget i Oslo og underskrevet av
Levor J. Traaen (hyttestyret) og Svein Aasen (styret)

 

 

Røros-leken 6. – 8. mai 2022

Numedalslaget v/Svein arrangerte busstur til Røros saman med buss-sjåfør Hogne Tellnes, i samband med Røros-leken (3 dagars leikfest). Vi leigde buss frå JVB og Hogne var sjåfør. 33 folkedansarar  deltok på bussturen.

 

Folkedansaktiviteten

 

Også i 2022 var folkedansaktiviteten råka av koronapandemien. På grunn av omikronvarianten, kom ikkje øvingane i gang før 14. februar. Men deretter vart det heldigvis fritt fram og dansinga har vore i full gang att. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane, og ein gong var Mathias Thedens spelemann på øvinga. Til saman hadde vi 15 øvingskveldar i løpet av 2022. Ein kveld i desember var avlyst fordi mange var sjuke eller ikkje kunne kome. Totalt sett var det 70 frammøter på øvingane. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt møtte 11 ulike personar fram. Av desse var det 3 gutar og 8 jenter. Det var i snitt 4,7 oppmøter på øvingane.

 

Fleire av dansarane i laget er aktive med å danse til tevling på kappleik. Dansarar frå laget har vore med på Landskappleiken på Rjukan, Hilmestemnet på Fagernes og Landsfestivalen i Vågå. Men aller gjevast i år var det at den faste spelemannen vår, Kenneth de Gala, fekk sitt første napp i A-klassa på Landskappleiken på Rjukan. Gratulere til han!

 

Folkedansgruppa var teknisk arrangør på ein folkedanskveld (søndag): 4/9. Då steikte vi vaflar og trakta kaffi og te i Nordahl Brunsgt. 22, for eit dansande publikum.

Folkedansgruppa arrangerte minikurs på 2 folkedanskveldar:

  • 4/9 i Norsk Tango, 25 deltakarar, instruktørar Arne Arnesen og Torunn Johansen.
  • 4/12 i Springdans frå Vestfold, 14 deltakarar, instruktør Turid Wold og speledame Vigdis Andersen. Kurset vart støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans blant anna på grunn av at dansen er utrydningstrua.