Tilstades:  Kjersti Aasen, Svein Aasen, Tormod Haug, Ragnhild Landerud

1. Opning

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.

  1. Konstituering

Møteleiar: Tormod Haug

Referent: Ragnhild Landerud

Skrive under protokoll: Kjersti Aasen og Svein Aasen

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2017

Årsmelding 2017, som også omfatter Folkedansgruppa blei lese opp av Kjersti Aasen.   Årsmelding for Numedalshytta blei lese opp av Tormod Haug.

Årsmeldingane blei godkjende med nokre få endringar.

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2017, underteikna av kasserar og revisor  09.02.2018. Rekneskapen for 2017 blei godkjend.

Kommentar: Det blir ikkje lenger betalt forsikring for fana til Numedalslaget. Svein er derfor snill og tar fana heim til seg, dermed er den forsikra gjennom innboforsikringa han har.

6.Medlemspengar 2019

Inga endring (vaksne:kr.350,- , barn/vaksne 14-25 år: kr.150,- , barn under 14 år: kr.50,- , bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna NU-lag): kr.175,- )

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

8.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen v/Ragnhild Landerud

Styremedlemmar:  Svein Aasen og Kjersti Aasen tok attval, periode 2 år.

Varamedlem:       Tormod Haug blei valt, periode 1 år

Hyttestyret:  Sigrid P. Talleraas tok attval, periode 2 år

Lotterifond:  Walborg Tuft tok attval, periode 2år.

 

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

Valkomite:  Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud tok attval, periode 1år.

Det blei bestemt at Kjersti Aasen og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS 19. mars 2018

Nils Øyvind Bergset er varamann.

Svein Aasen deltar på landsmøtet i NU 28.-29. april 2018  dersom BLS gir økonomisk støtte.

Styret takkar alle som har vore med på arbeid og aktivitetar i laget i 2018.

08.03.2018

Ragnhild Landerud (sign)

referent

Kjersti Aasen  (sign)                                                                         Svein Aasen (sign)

—————————                                                            ——————————

Protokollvitne                                                                                   Protokollvitne