Referat frå årsmøte 27. februar 2013

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

1. Opning

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.

 

2. Konstituering

Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Lars Peder Larsgård og Svein Aasen blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.

 

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

 

4.Årsmelding 2012

Årsmelding 2012 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende, med nokre kommentarar:

–          talet på medlemmar i laget blei korrigert

–          tilvisning til Numedalsweb vert fjerna (www.numedalslaget.no er enklast)

 

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2012, underteikna av kasserar og revisor 13.02.2013

Rekneskapen for 2012 blei godkjend.

 

6.Medlemspengar 2014

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får blei endra i 2012.

 

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

8.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

 

Styremedlemmane Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud og Lars Peder Larsgård tok attval, periode på 2 år.

Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år

 

Hyttestyret: Levor Traaen og Walborg Tuft tok attval, periode 2 år.

 

Folkedansgruppa: Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset tok attval, periode 2 år.

 

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

 

Hedersmerke/Fortjenestemerke: Jøran Strysse og Levor Traaen tok attval, periode 2 år

 

Lotterifond: Nils Øyvind Bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2 år

 

Valkomite: Knut Kjønaas, Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, periode 1 år.

 

28.02.2013

 

Ragnhild Landerud (sign)

referent

 

Lars Peder Larsgård (sign)

Svein Aasen (sign)