Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 01.01. – 31.12.2013

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2013: sjå vedlagte liste.

I meldingsåret hadde laget 43 medlemmar.

Av desse er 7 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Aktivitetar:

–    I meldingsåret har det vore 2 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 27.02. (dessutan kontakt via e-post).

–    Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 26.01.

–    Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

–    Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut med eitt nummer (i desember).

–    Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktpersonar er Lars Peder Larsgård og Nils Øyvind Bergset.

–    Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året.  Sjå eiga årsmelding.

Råkåfiskfest  26.januar 2013

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 64 personar til bords, av desse var 45 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.

Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset.

Sverre Mørkhagen kåserte om utvandringa til Amerika generelt, og utvandringa frå Numedal spesielt. Han har skrive boka ”Drømmen om Amerika”.

Fanteladdene sto for musikken.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2013

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar.

Årsmelding folkedansgruppa 2013

Folkedansgruppa var leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 17 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 10 i vårsemesteret og 7 i haustsemesteret. Dette er to færre øvingskveldar enn året før. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har vore borte har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.30 og driv på til 21.30, med ei lita pause. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Tor Inge Tønnesen har også vore spelemann.

Totalt sett har det vore 67 frammøter på øvingane, 21 færre enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. 17 ulike personar har møtt fram. Av desse var det 6 gutar og 11 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 3,94 personar per øving. Det minste tal frammøtte på ei øving var 1, og det meste var 7.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi lært bort Numedalsdans i pausa.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand og Arna Desser. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Landskappleiken på Røros, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Landskappleiken vart vi nummer 21 av 28. Under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes kom vi på ein delt andreplass. På Oslokappleiken vann vi første napp i ein ny vandrepremie (ein rosemalt bolle) som var satt opp av Hallinglaget i Oslo.

Dansarar frå laget har og vore med på framsyningar. Vi dansa på Råkåfiskfesten i januar, Bygdøystemnet til BLS og ein dansar har dansa på ”Norsk aften” 3 gonger på Frognerseteren.

Hausten har vi bruka tid å på planlegge eit dansedykk med numedalsdans som skal foregå på Riksscenen 29. mars 2014. Dette har skjedd i samarbeid med Kongsberg Spel- og Dansarlag, Småjondølenes dansarlag og Numedal Spel- og Dansarlag.

Oslo 23/2-2014

Nils Øyvind Bergset