Årsmelding       01.01. – 31.12.2010

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2010: sjå vedlagte liste.

 

I meldingsåret hadde laget 45 medlemmar.

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas,Svein Nørstebø, Jøran Strysse, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Laget har 5 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS).

Totalt har da laget 50 medlemmar.

 

Aktivitetar:

–          I meldingsåret har det vore 1 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte11.02. (elles e-post – kontakt)

–          Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 30.01.

–          Omvising i Oslo Rådhus 10.03.

–          Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

–          Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut i september.

–          Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

–          Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

 

Råkåfiskfest  30.januar 2010

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 79 personar til bords, av desse var 61 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.

Festen blei leia av Lars Peder Larsgård.

Halgrim Berg kåserte om boka han hadde skreve: ”Om rakafisk – landet rundt”

Knut Morten Bjørnsrud hadde eit innlegg om ”Fjellvitt”, akevitt frå Uvdal. Smaksprøve til alle som ville ha.

Musikken sto Numedølen frå Veggli/Rollag for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2010

 

Omvisning i Oslo Rådhus 10.03.2010

21 personar var med på ei interessant omvising med tidlegare ordførar i Oslo, Per Ditlev Simonsen, som guide. Han kunne fortelja om det meste, frå planleggjing og utsmyknig, til gode historier. Etter omvisinga gjekk ein del av dei frammøtte på Brasserie 45 og hygga seg.

 

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger.

Årsmelding for folkedansgruppa i 2010

Folkedansgruppa har i 2010 vore leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 19 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 11 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har hatt fravær har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.00 og driv på til 21.30, med berre ei halvtimes pause. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane.

Totalt sett har det vore 79 frammøter på øvingane, 7 fleire enn året før (men i 2009 hadde vi berre 18 øvingskveldar). I tillegg kjem spelemann og instruktør. 13 ulike personar har møtt fram, 4 gutar og 9 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4 personar per øving og det er stabilt samanlikna med året før. Det minste antal frammøtte på ei øving var 1, og det meste var 9.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi hatt minikurs i Numedalsdans i pausa.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand, Bjørgulf Aasen, Arna Desser og Oddmund Vestenfor. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Hønefoss, Landskappleiken på Voss, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, Porsgrunnskappleiken og Oslokappleiken.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Markenskappleiken vart vi nummer 4 av 4 lag. På Buskerudkappleiken vart vi nummer 2 av 3 lag. På Landskappleiken vart vi nummer 16 av 23 lag og på Oslokappleiken delte vi andreplassen av 3 lag.

Dansarar frå laget har og vore med på framsyningar. Vi dansa på Råkåfiskfesten i januar og deltok på Bygdøystemnet til BLS. Kjersti og Svein Aasen dansa på pensjonistfest på Idrettsskolen i Rollag i juni.

Oslo 7/3-2011

Nils Øyvind Bergset