Årsmelding       01.01. –  31.12.2014

 

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2014: sjå vedlagte liste.

 

I meldingsåret hadde laget 33 medlemmar.

Av desse er 2 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

 

Aktivitetar:

–    I meldingsåret har det vore 2 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 26.02, dessutan kontakt via e-post.

–    Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 25.01.

–    Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

–    Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut med to nummer (januar og desember).

–    Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktpersonar : Lars Peder Larsgård og Nils Øyvind Bergset.

–    Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året.  Sjå eiga årsmelding.

 

Råkåfiskfest  25. januar 2014

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 65 personar til bords, av desse var 50 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.

Festen blei leia av Lars Peder Larsgård

Kjell Bitustøyl kåserte om Tamreindrifta i Numedal.

Musikk: VÅKK (Vidar, Åsmund, Kjell og Kjell)

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2014

 

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar.

Årsmelding for folkedansgruppa 2014

Folkedansgruppa var leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 17 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 9 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har vore borte har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.30 og driv på til 21.30, med ei lita pause. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Johanne Flottorp har også vore spelemann på to øvingar.

Totalt sett har det vore 79 frammøter på øvingane, 12 fleire enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. 9 ulike personar har møtt fram. Av desse var det 3 gutar og 6 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4,65 personar per øving. Det minste tal frammøtte på ei øving var 3, og det meste var 6.

Laurdag 29. mars var det Dansedykk med numedalsdans i folkemusikkens storstove i Oslo, Riksscenen. Numedalslaget arrangerte samen med Numedal Spel- og Dansarlag og Småjondølenes dansarlag. Frå Numedal kom det buss med 35 deltakarar. Ein svært vellykka dag blei det, med kurs på dagtid, arkivdykk i kveldinga og dansefest om kvelden. Kursleiarar var Liv Bergset, Bjørnar Blaavarp Heimdal, Sigbjørn Rua og Nils Øyvind Bergset. Dansespelet stod Synne Frogner, Kenneth de Gala og Håvard Kjøntvedt for.

I kveldinga var det arkivdykk. Nils Øyvind Bergset og Jan Lislien viste filmar og spelte musikk. På kvelden var det god gammaldags dansefest med runddans og bygdedans. Kenneth de Gala, Synne Frogner, Håvard Kjøntvedt og Numedal spelemannslag sørga for variert dansemusikk.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi lært bort Numedalsdans i pausa.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen og Arna Desser. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Kongsberg, Landskappleiken på Geilo, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Buskerudkappleiken vann vi foran to andre lag. På Landskappleiken fekk vi en sterk femteplass av 27 med ein numedalsgangar. Under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes kom vi på ein andreplass av 5 lag. På Oslokappleiken vart vi nummer 3 av 4.

Dansarar frå laget har og vore med på framsyningar. Vi dansa på Råkåfiskfesten i januar og på Bygdelagsstemnet til BLS på Folkemuseet.

Oslo 5/3-2015

Nils Øyvind Bergset