Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2021

 Styret

Styret sidan årsmøtet i 2021:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen, Bjørg Undebakke og Kenneth de Gala.

Varamedlem: Tormod Haug

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøter og årsmøte i BLS.

Laget har hatt eit hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.

I meldingsåret hadde laget 22 medlemar. Av desse er 2 bimedlemar (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS) og 2 under 14 år. Laget har 5 æresmedlemar: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen og Svein Aasen. Knut Kjønaas døydde 2. januar 2022.

I meldingsåret har vi, på grunn av koronapandemien, ikkje hatt styremøte. Vi har hatt kontakt via mobil og e-post, og snakka saman i pausen på øvingane. 4 frå styret er fast med på danseøvingane.

Årsmøtet 8. mars vart halde digitalt grunna koronapandemien. 7 medlemmar deltok.

Laget nyttar heimesidene på nettet, www.numedalslaget.no, til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene er oppdatert med meir historisk informasjon og gamle nummer av «Numedølen». Folkedansaktiviteten har også ei eiga sida på Facebook. Lagsavisa «Numedølen» kom ut med eit nummer (november 2021).

Råkåfiskfest saman med Valdreslaget

Råkåfiskfesten/Rakfiskfesten blei arrangert i Halli Nordahl Brunsgt. 22 fredag 3. desember.
Det var 44 til bords og vi serverte rakfisk frå Noraker og råkåfisk frå Løvstuen i Uvdal. Lefsene kom frå Valdresbakst og frå Mollas Bakeri i Rollag (med og utan sukker). Vi hadde som vanleg kokte mandelpotet med alt tilbehør. Terje Rusten og Stein Magne Eggen (trekkspel) stod for runddansmusikken, medan Mattias Thedens og Sindre Tronrud, som er elevar ved Norges musikkhøgskule, spelte bygdedans på hardingfele.

Lagshytta

Hyttestyret for 2021 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Levor J. Traaen. Sistnevnte har fungert som formann.

Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.

Laurdag 12. juni var det tid for vårtur til hytta vår i Lommedalen. 13 blide numedøler og andre vener av laget klarte å finne fram til den vesle hytta oppi Skullerudåsen. Som vanleg hadde vi fint vær, og vi kunne benke oss ute på den romslige terassen med spekemat og rømmegraut som Walborg stod for.

Etter maten viste Levor oss nokre grensemerker, og mannfolka rydda småskog og kvista trær for å prøve å finne retningen på grenselinjene mot naboane.

I samråd med naboeigedommane med felles grenser, tok Levor kontakt med Bærum kommune, oppmålingsvesen, avd. oppmåling og matrikkel. Dei opplyste at dei hadde målebrev med tilstøytande eigedomsgrenser for gnr 114/47. Dei anbefalte oss å bestille oppmålingsforretning for klargjering av eksisterande grenser for vår eigedom gnr 114/38. Eigedommen vil då bli oppmålt og registrert i matrikkelen med sikre grenser. Grensepunkta blir merka i marka med boltar og koordinatbestemt. Vi aksepterte ein prisantydning på ca. kr 16 000.

I samråd med styret bestilte Levor oppmålingsforretning frå Bærum kommune for klargjøring av eksisterande grenser for Numedalslagets eiendom gnr 114/38. Levor var saman med representantar frå oppmålingsvesenet på befaring 7/10 og påviste grensepunkta. Desse er vi enige om og dei er i samsvar med skyldelingsforretninga fra 1942.

I mottatt brev fra Bærum kommune datert 24.11.2021 står følgjande informasjon om kartlegging av grense for 114/38:
«Grensene følger gamle grenserøyser, men det er satt ned offentlig godkjente grensemerker ved røysene i tillegg. Alle punkter er også markert med spraymerket pel slik at det skal være enkelt å få øye på dem.
I tillegg til de to hjørnepunktene i vest mot eiendommen gnr/bnr 114/47 er det ytterligere tre røyser på den grenselinjen, disse er også målt inn og merket nå.
Gammel merking i det sørøstre hjørnet på 114/38 var borte. Punktet er rekonstruert og merket på nytt. Beliggenheten er ved kompressor/aggregat som vist på bildet på neste side, grensepunktet er i samsvar med målebrev for 114/19.»

Bærum kommune har no, som skrevet i brevet av 24.11.21 ovanfor, koordinatbestemt alle grensepunkta for 114/38, og det er satt ned offentleg godkjende grensemerker i samtlege punkt. Bærum kommune har beregna arealet til 10 273 m2. Motatt protokoll frå oppmålingsforretning er datert 20.12.2021.

Folkedansaktiviteten

Også i 2021 var folkedansaktiviteten hardt råka av koronapandemien som hindra dansing. På våren hadde vi ei øving/samling i slutten av juni for å møtes, men det var ikkje mogleg å danse på normalt vis. Etter at samfunnet åpna att i september, kunne vi ha ordinære øvingar ein periode. Men så stengde samfunnet att etter at omikronviruset kom. Dermed vart det liten aktivitet i desember. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane.
I løpet av hausten 2021 var det dermed mogleg å gjennomføre 6 danseøvingar. Totalt sett var det 29 frammøter på desse øvingane. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt møtte 8 ulike personar fram. Av desse var det 4 gutar og 4 jenter.

Hilmestemnet, Fagernes 17.07.2021: Marit Måge og  Nils Øyvind Bergset, og Kjersti Aasen og Svein Aasen deltok i dans hardingfele senior.

Oslokappleiken 27.11.2021: Kenneth de Gala deltok i spel hardingfele senior. Marit Måge og  Nils Øyvind Bergset, og Kjersti Aasen og Svein Aasen deltok i dans hardingfele senior.

Folkedansgruppa var teknisk arrangør på to folkedanskveldar (søndagar): 5/9 og 7/11. Då steikte vi vaflar og trakta kaffi og te i Nordahl Brunsgt. 22 for eit dansande publikum.

Folkedansgruppa arrangerte minikurs på begge folkedanskveldane:

  • 5/9 i Rørospols, 12 deltakarar, instruktør Alix Cordray og spelemann Jan Wesenberg.
  • 7/11 i Nordlandspols, 14 deltakarar, instruktør Tone Ingvaldsen og speledame Pernille Hansen.