Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2020

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2020:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Ragnhild Landerud, Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen og Bjørg Undebakke

Varamedlem: Tormod Haug

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen deltok på leiarmøter. Svein Aasen og Kjersti Aasen deltok på årsmøte i BLS.

Laget har hatt eit hyttestyre og ei nemnd for heidersmerke/fortenestemerke.

I meldingsåret hadde laget 17 medlemmar. Av desse er 3 bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS). 15 av medlemmene er over 26 år, 2 er barn. Laget har 5 æresmedlemmar: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen og Svein Aasen.

I meldingsåret har styret ikkje hatt styremøter men har hatt kontakt via e-post.

Årsmøtet var 2. mars og 6 medlemmer møtte opp.

Laget nyttar heimesidene på nettet til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Heimesidene kom i ny utgåve på våren og sommaren. Grunnen til dette var at den gamle leverandøren, Numedalsnett, la ned verksemda si. Dei nye heimesidene er levert av WordPress via ei avtale med BLS. Det er lagt ned ei arbeid i å oppdatere heimesidene med historisk informasjon om styremedlemmer, Råkåfiskfestar og gamle nummer av Numedølen.

Folkedansaktiviteten har ei eiga sida på Facebook. Lagsavisa ”Numedølen” kom ut med eit nytt nummer i desember.

Råkåfiskfest

Styret i Numedalslaget kunne dessverre ikkje arrangere tradisjonell råkåfiskfest på Røa i januar 2020. Vi arrangerte i januar i 2019 ein vellykka jubileumsfest, og håpar den kan bli ståande som ei verdig avslutning på tradisjonen med fest på Røa. Vi håpar at det skal være mogleg å fortsette tradisjonen med råkåfiskfest i ei eller anna form. Oppslutningen om råkåfiskfesten har vore dalende over lang tid, samtidig som kostnadene til f.eks. husleige har auka. Festane har gått med underskot i mange år og vi har dessverre ikke lukkast med å rekruttere nye festdeltakarar. Numedalslaget i Oslo har ikkje så mange medlemmar lenger, så det er få personar å rekruttere blant når vi skal ha dugnadsmannskap. Publikum på festen har ulike grunnar til å komme: dei fleste er der for maten, nokon er der for å møte gamle kjende, nokon er der for festtalen og andre er der for dansen. Mange har hatt tilknytning til Numedal, men slett ikkje alle. Dette har bidrege til å gjøre det vanskeleg å markedsføre festen.

Styret jobba i 2020 med å kunne arrangere råkåfiskfest i eit anna format i starten av desember. Vi hadde tanke om å arrangere fest i samarbeid med Valdreslaget i Oslo med eit fokus på mat og dans. I 2020 stoppa koronapandemien heile tanken om Råkåfiskfest, men styret jobbar med moglegheitene for å fortsette med denne festtradisjonen hausten 2021.

Lagshytta

Hyttestyret for 2020 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Levor J. Traaen, sistnevnte har fungert som formann.

2020 vore eit aktivt år for hyttestyret med tur, oppussing av tak og grenseoppgang. Det er utført om lag 100 dugnadstimar på hytta i 2020.

Eit referat frå befaring og oppmerking av eigedomsgrensa for hytta er gjengjeve i Numedølen frå desember 2020. Befaringa tok utgangspunkt i kart frå Bærum kommune viser at det er 4 eigedomar som har felles grense til gnr. 114/38.  Det er; gnr. 114/3, gnr. 114/5, gnr. 114/19 og    gnr. 114/48. Grunnlag for grenseoppgangen var:

  • Numedalslaget i Oslo skylddelingsforretning datert 12. okt. 1942 med grensebeskrivelse av gnr. 114/38.
  • Kart 1:1000 Bærum kommune med inntegnet eiendomsgrensen for gnr. 114/38 med angitt grensepunkt 1 – V samsvar med skylddelingsdokumentet

Følgjande deltok på befaringa/grenseoppgangen: Lars Martin Trulsrud (gnr 114/3), Eileen Hegna Wold og Lars Øyvind Larsen (gnr. 114/19), Svein Aasen og Levor J. Traaen (gnr, 114/38), Egill Bø (gnr. 114/47). Dessuten deltok Yngve Lien, på Døvehytta som frivillig kjentmann og nabo i området.

Det ligg også føre eit referat frå kontroll av grensemerkene 11. september 2020. Alle grensepunkta I – V er funne, med unntak av III, kor det trengs ei ny kontrollmåling.

Det er planlagt ei ny befaring/grensemerking med grunneigarane på bnr. 3, 19 og 38 i løpet av våren 2021 for å få alle grensepunkta I-V varig merket av Numedalslaget på dugnad.

Det er innhenta tilbod på koordinatbestemmelse og varig sikring av grensemerker fra to firma, OMS Oppmåling AS og ScanSurvey. Da vi nå har funne grensemerkene, som er beskrevet i skyldelingsforretningen til Numedalslaget frå 1942, er det førebels ikkje naudsynt å utføre arbeidene med koordinatbestemmelse av grensemerkene.

Hyttestyret vil våren/sommaren 2021 på dugnad sørge for at grensemerkene, som nå er funne, blir varig merka og sikra for framtida.

 

  1. juni var det tur til Numedalshytta. Det var ein vellykka, tur og mange møtte opp. Inspeksjon av hyttetaket viste dessverre store langsgående sprekker i pappen på sydsida (solsida). Inne var det fuktighet i 2 hjørner ved overgang tak vegg på solsiden. Det var einighet om at taket måtte tekkas på nytt i løpet av sommaren og at arbeidet utføres på dugnad. Det vart derfor fleire turar på hytta for ein del folk. Detaljane i oppussinga er gjengitt i Numedølen frå desember 2020.

 

  1. juni tettar Svein resten av sprekkane med 2 liter tetningskitt.

 

  1. juli var Per Tuft og Svein var på befaring og blei einige om at eksisterande papp beholdes og dei planlegg vidare reparasjonar.

 

  1. august var Lars Peder og Svein på Maxbo i Lommedalen og handla material og kjørte den opp på hytta.

 

  1. august fekk hyttetaket eit nytt lag med papp og nye vannbord. Arbeida på taket blei utført av Øystein Dahl Johansen, Per og Svein. Walborg og Kjersti var bakkemannskap.

Folkedansaktiviteten

Folkedansaktiviteten i 2020 var svært hemma av koronapandemien som stogga all ordinær øving frå 12. mars. Dansing er noko av det vanskelegaste når det gjeld smittevern. Vi hadde nokre samlingar i september og oktober kor vi dansa kvar for oss og brukte tid på å sjå film. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane.

I løpet av 2020 var det mogleg å gjennomføre 7 danseøvingar av dei planlagte 18. Totalt sett var det 42 frammøter på øvingane, ned frå 117 året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt har 12 ulike personar møtt fram. Av desse var det 3 gutar og 9 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte var 6 personar per øving. Det minste tal frammøtte på ei øving var 4, og det meste var 8.

Folkedansgruppa var med og arrangerte Folkedanskveld to gonger. Då steikte vi vaflar, koka kaffi og trakta te i Nordahls Brunsgate 22 for eit dansande publikum. Vi tok og nokre gangar- og springarsteg i eit mikrokurs i pausa.

Folkedansgruppa har arrangert minikurs på folkedanskveldane:

  • 12/1 i tango, 35 deltakere, instruktører Torunn og Arne Johansen
  • 9/2 i swing, 25 deltakere, instruktør Hans Fosshagen.
  • 1/3 i swing, 26 deltakere, instruktør Hans Fosshagen.

Kjersti Aasen og Svein Aasen deltok på markenskappleiken på Kongsberg 29. februar, rett før koronapandemien stogga all dans.  Deretter vart alt av kappleikar, festivalar og framsyningar avlyst i 2020, er det lite og berette frå medlemmenes deltakelse der.