Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Bjørg Undebakke,  Kjersti Aasen, Svein Aasen.

1. Opning

Nils Øyvind Bergset opna møtet og ønskte velkomen.

 

2. Konstituering

Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar, Ragnhild Landerud til referent,  Kjersti Aasen og Svein Aasen til å skrive under protokollen.

 

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

 

4.Årsmelding 2016

Årsmelding 2016, som også omfatter Folkedansgruppa og Numedalshytta blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Årsmeldinga blei godkjend etter eit par endringar.

 

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2016, underteikna av kasserar og revisor  28.02.2017. Rekneskapen for 2016 blei godkjend.

6.Medlemspengar 2018

Inga endring (vaksne:kr.350,- , barn/vaksne 14-25 år: kr.150,- , barn under 14 år: kr.50,- , bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna NU-lag): kr.175,- )

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

8.Valg

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

 

Styremedlemmar:  Nils Øyvind Bergset og Ragnhild Landerud tok attval, periode 2 år.  Kenneth de Gala tok ikkje attval. Bjørg Undebakke blei valt, periode 2 år.

 

Varamedlem:       Tormod Haug blei valt, periode 1 år

 

Hyttestyret:  Tormod Haug, Levor Traaen og Walborg Tuft tok attval, periode 2 år.

 

Hedersmerke/Fortjenestemerke:  Levor Traaen og Svein Aasen tok attval, periode 2 år

 

Lotterifond:  Nils Øyvind Bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2år.

 

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

 

Valkomite:  Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud tok attval, periode 1år.

 

Det blei bestemt at Kjersti Aasen og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS   27. mars 2017

Nils Øyvind Bergset er varamann.

Svein Aasen deltar på landsmøtet i NU 22.-23. april 2017.

 

08.03.2017

 

Ragnhild Landerud (sign)

referent

 

Kjersti Aasen  (sign)

Svein Aasen (sign)

—————————

Protokollvitne