Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 11.02.2010

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Ragnhild Landerud, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

1. Opning

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.

2. Konstituering

Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Reidun og Knut Kjønaas blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2009

Årsmelding 2009 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende.

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2009, underteikna av kasserar og revisor 04.02.2010

Rekneskapen for 2009 blei godkjent.

6.Medlemspengar 2011

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år).

7.Festskrift

Jubileumskomiteen held fram arbeidet med festskriftet, og har fått informasjon om ulike bilete, tekstar m.m. Laget har framleis tilskotet på kr.10000,- til dette arbeidet ståande.

8.Innkomne framlegg

Ingen innkomne framlegg

9.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

Styremedlemmane Svein Aasen (kasserar) og Alf Åmot tok attval, periode på 2 år.
Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år
Hyttestyret: Lars Peder Larsgård og Alf Åmot tok attval , periode 2 år.

Folkedansgruppa: Svein Aasen tok attval. Oddmund Vestenfor gjekk ut, og Kenneth de Gala er nytt medlem, periode 2 år

Redaksjon Numedølen:Lars Peder Larsgaard, Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset tok attval, periode 2 år

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

Lotterifond: Walborg Tuft tok attval, periode 2 år

Fanevakter: Jøran Strysse og Svein Aasen tok attval, periode 2 år

Valkomite: Knut Kjønaas, Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, periode 1 år.

Ragnhild Landerud (sign)

referent

Knut Kjønaas (sign)                                                Reidun Kjønaas (sign)

—————————                                                    ——————————

Protokollvitne                                                                          Protokollvitne