Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Bjørg Undebakke,  Kjersti Aasen, Svein Aasen.

  1. Opning
    Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.
  1. Konstituering

Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar, Ragnhild Landerud til referent,  Kjersti Aasen og Svein Aasen til å skrive under protokollen.

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2014

Årsmelding 2014 blei lese opp av Ragnhild Landerud.

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende.

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2014, underteikna av kasserar og revisor  23.02.2015

Rekneskapen for 2014 blei godkjend.

Kommentar: utgiftene til porto og administrasjon kan reduseras ved å bruke e-post til medlemmar som har e-postadresse.

6.Medlemspengar 2016

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får, blei endra i 2012.

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

8.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valgkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

Styremedlemmar:  Nils Øyvind Bergset og Ragnhild Landerud tok attval, periode 2 år.

                                Kenneth de Gala (ny), periode 2 år.

Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år.

Hyttestyret:  Levor Traaen og Valborg Tuft tok attval, periode 2 år.

                     Tormod Haug (ny), periode 2 år.

Folkedansgruppa:  Gruppa blir lagt ned og lagt inn under styret.

Numedølen:  Redaksjonen blir lagt ned og lagt inn under styret.

 

Lotterifond:  Nils Øyvind Bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2år.

 

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

Hedersmerke/Fortjenestemerke:  Levor Traaen tok attval, periode 2 år.

                                                      Svein Aasen (ny), periode 2 år.

Valkomite:  Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud tok attval, periode 1år.

Det blei bestemt at Kjersti Aasen og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS  23.03.2015

Dei andre styremedlemmane er varamenn.

Styret har fullmakt til å velje utsendingar til årsmøtet i NU.

12.03.2015

Ragnhild Landerud (sign)

referent

Kjersti Aasen  (sign)

Svein Aasen (sign)

—————————

Protokollvitne