Årsmelding for folkedansgruppa 2011

Folkedansgruppa har i 2011 vore leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 18 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 11 i vårsemesteret og 7 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har hatt fravær har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.30 og driv på til 21.30, med ei lita pause. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane.

Totalt sett har det vore 75 frammøter på øvingane, 4 færre enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. 12 ulike personar har møtt fram, 6 gutar og 6 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4,2 personar per øving og det er stabilt samanlikna med året før. Det minste tal frammøtte på ei øving var 1, og det meste var 8.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi hatt minikurs i Numedalsdans i pausa.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand og Arna Desser. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Hokksund, Landskappleiken i Seljord, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Landskappleiken vart vi nummer 14 av 25.

Dansarar frå laget har og vore med på framsyningar. Vi dansa på Råkåfiskfesten i januar, Bygdøystemnet til BLS og ein dansar har dansa på ”Norsk aften” 2 gonger på Frognerseteren.

Oslo 24/2-2012

Nils Øyvind Bergset