Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Levor Traaen, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

 

1. Opning

Nils Øyvind Bergset opna møtet og ønskte velkomen.

 

2. Konstituering

Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar, Ragnhild Landerud til referent og Lars Peder Larsgård og Svein Aasen til å skrive under protokollen.

 

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

 

4.Årsmelding 2013

Årsmelding 2013 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende.

 

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2013, underteikna av kasserar og revisor  04.02.2014

Rekneskapen for 2013 blei godkjend.

Kommentar: utgiftene til porto og administrasjon kan reduseras ved å bruke e-post til medlemmar som har e-postadresse.

6.Medlemspengar 2015

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får, blei endra i 2012.

 

7.Nye lover for Numedalslaget.

Framlegget til nye lover blei diskutert.

Det kom forslag om at ein ikkje vedtek lovendring før BLS har hatt sitt årsmøte (24.03.2014) og eventuelt vedteke endring i sine lover. Ved avstemming fall dette forslaget med 4 mot 2 stemmer.

Nye lover for Numedalslaget blei så vedtekne med 5 mot 1 stemme.

 

8.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

9.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valgkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

 

Styremedlemmane Svein Aasen og Kjersti Aasen tok attval, periode 2 år.

Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år

 

Hyttestyret: Lars Peder Larsgård tok attval, Sigrid P. Talleraas ny, periode 2 år.

 

Folkedansgruppa: Svein Aasen og Kenneth de Gala tok attval, periode 2 år.

 

Numedølen: Nils Øyvind Bergset og Kjersti Aasen tok attval, periode 2år.

Lars Peder Larsgård tok attval, periode 1år (for at ikkje alle 3 skal være på valg samtidig)

Lotterifond: Walborg Tuft tok attval, periode 2år

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

 

Valkomite:  Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, Ragnhild Landerud ny, periode 1år

 

Kommentar: Etter den nye loven kan årsmøtet bestemme kva for arbeidsnemder/tillitsfolk som til ei kvar tid er nødvendige. Ut frå dette blei det vedteke å sløyfe ”fanevakter”.

I inneverande år vil styret sjå på om det er aktuelt med fleire slike endringar.

Etter møtet blei det bestemt at Svein Aasen og Kjersti Aasen skal møte på årsmøtet i BLS  24.03.2014 for Numedalslaget.

 

28.02.2013

 

Ragnhild Landerud (sign)

referent

 

Lars Peder Larsgård  (sign)

Svein Aasen (sign)

Protokollvitne