Referat frå årsmøtet 17. mars 2025
Desse deltok: Nils Øyvind Bergset, Bjørg Tora Undebakke, Kjersti Aasen og
Svein Aasen.
- Opning
Svein Aasen opna møtet og ønska velkomen.
- Konstituering
Møteleiar: Nils Øyvind Bergset, referent: Svein Aasen
Skrive under på protokoll/referat: Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset
- Godkjenning av innkalling og saksliste
Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste
- Årsmelding 2024
Årsmelding 2024, som og omfatta Folkedansgruppa og hytta, vart lese opp av Nils Øyvind Bergset.
Årsmeldinga vart godkjend med merknader som kom fram under handsaminga/
opplesinga.
- Rekneskap
Kasserar Svein Aasen gjekk gjennom rekneskapen for 2024, underteikna av kasserar og revisor 12.02.22025. Rekneskapen for 2024 viser eit underskot på kr. 3.358,68.
Rekneskapen for 2024 vart godkjend.
- Medlemspengar 2026:
Inga endring, same som for 2025:
Vaksne: kr 400, barn/vaksne 14-25 år: kr 150, barn under 14 år: kr 50. Bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna NU-lag): kr 200.
Om NU/BLS endrar sin kontingent, kan Numedalslaget og endre i same takt.
- Innkomne framlegg
Ingen innkomne framlegg.
- Val
Årsmøtet gjekk til val på framlegg frå valnemnda v/Kjersti Aasen
Valet vart vedteke etter framlegg frå valnemnda, sjå vedlegg.
Utsendingar til årsmøtet i BLS 25. mars 2025: Svein Aasen
Utsending til landsmøtet i NU i 26. og 27. april 2024: Svein Aasen vurderer å delta på landsmøte dersom BLS støttar økonomisk.
Styret takkar alle som har bidratt på arbeid og aktivitetar i laget.
Oslo, 21.03.2025
Svein Aasen (sign)
Referent
Kjersti Aasen (sign) Nils Øyvind Bergset (sign)
…………………………………….. …………………………………..
Protokollvitne Protokollvitne