Referat frå årsmøte 27. februar 2013
Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.
1. Opning
Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.
2. Konstituering
Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Lars Peder Larsgård og Svein Aasen blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.
3. Godkjenning av innkalling og saksliste
Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.
4.Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 blei lese opp av Ragnhild Landerud
Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.
Begge årsmeldingane blei godkjende, med nokre kommentarar:
– talet på medlemmar i laget blei korrigert
– tilvisning til Numedalsweb vert fjerna (www.numedalslaget.no er enklast)
5.Rekneskap.
Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2012, underteikna av kasserar og revisor 13.02.2013
Rekneskapen for 2012 blei godkjend.
6.Medlemspengar 2014
Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får blei endra i 2012.
7.Innkomne framlegg.
Ingen innkomne framlegg
8.Val
Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.
Styremedlemmane Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud og Lars Peder Larsgård tok attval, periode på 2 år.
Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år
Hyttestyret: Levor Traaen og Walborg Tuft tok attval, periode 2 år.
Folkedansgruppa: Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset tok attval, periode 2 år.
Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.
Hedersmerke/Fortjenestemerke: Jøran Strysse og Levor Traaen tok attval, periode 2 år
Lotterifond: Nils Øyvind Bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2 år
Valkomite: Knut Kjønaas, Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, periode 1 år.
28.02.2013
Ragnhild Landerud (sign)
referent
Lars Peder Larsgård (sign)
Svein Aasen (sign)